Ny industrisatsning for hydrogen i stor skala

Hub

Knallhard og målretta jobbing over lang tid har gitt store resultat for Energiparken - ein av hubbene i Grøn region Vestland.


I løpet av mindre enn eit halvt år har CCB Energy signert to opsjonsavtalar med store moglegheiter, både for fangst av CO2 i atmosfæren - og no for produksjon av reint hydrogen.

Den planlagde etableringa inneber vesentlege investeringar, og kan gi mange arbeidsplassar og eit stort kompetanseløft for næringslivet.

Eg er kjempestolt over at eitt av dei største grøne investeringsfonda i verda, Copenhagen Infrastructure Partners, no peikar på Vestland og Kollsnes når dei skal plassera mange milliardar inn i nye, grøne energiberarar. Dette kan bli eksport-eventyret for framtida.
— Fylkesordførar, Jon Askeland

Korleis har Energiparken jobba for å komma dit dei er i dag? Og har det å vera ein hub noko betydning for dei?

Me har teke ein "grøn kaffiprat" med Ronny Haufe, direktør i CCB Energy, der han deler erfaringar. Sjå heile intervjuet her:

Forrige
Forrige

Kva skjer? Rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Neste
Neste

«Nordic Innovation» - ein akselerator frå Nordisk Ministerråd