Kva skjer? Rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Prosjektteamet bak Grøn region Vestland jobbar no med å følgje opp kvar einskild hub som blei etablert i og med lanseringa av Vestlandsporteføljen 2.0. Vi er i dialog med hubbane med sikte på å finne ut av behova deira og særskilt sjå etter behov som vi finn igjen i fleire eller mange av hubbane. Vi avklarar no forventingar og finn dei gode kontaktformane.

Kva skjer i hubbane?

Her kjem berre eit lite utdrag, ettersom det skjer mykje mange stader.

… Og mykje meir:

Vi set stor pris på å få tips om ting som skjer, viktige avgjerder eller nye samarbeid som skjer ute i hubbane, så del gjerne med oss om du veit noko. Du kan tipse oss på grv@vlfk.no

Frå opninga av hydrogenpiloten i Energiparken i Øygarden, vi ser mellom anna fylkesordfører Jon Askeland og Fredrik Hauge frå Bellona

Aktuelle tilskot:

Vestland fylke har sett av 5,6 millionar kroner til bedriftsinterne opplæringsmidlar (BIO) til ekstraordinære opplæringstiltak.

Viktige ting som skjer framover

14.mars inviterer vi saman med Den Danske ambassaden til hubbsamling med erfaringsutveksling med folk frå nokre av dei lengst etablerte industrielle symbiosene vi har, Kalundborg og GreenLab Skive. Dette foregår i Bergen på Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven 8, kl 12-16, påmelding innen 4.mars her: grv@vlfk.no

Frå programmet:

  • Velkomst ved handelssjef Ninna Katrine Sanden på Danmarks Ambassade, og Heidi Synnøve Gaustad, prosjektleiar i Grøn region Vestland

  • Fylkesordførar Jon Askeland om ambisjonane i Grøn region Vestland og bygging av verdsleiande grøne hubbar gjennom industriell symbiose

  • Erfaringar og læring frå GreenLab Skive v/Jakob Hebsgaard Mogensen og Kalundborg Symbiose v/Lisbeth Randers

  • Paneldiskusjon med norske og danske aktører om kordan grøn industriell symbiose er ein del av det grøne skiftet

15.mars inviterer vi til Fasilitatorsamling for dei som har den superviktige fasilitatorrolla ute i hubbane. Dette blir i samarbeid med Kalundborg symbiosis, kor Lisbeth Randers fasiliterer dette. Vi ønsker å gi konkrete verktøy som kan brukast for å drive fram hubbane. Vi vil også følge opp med påfyll utover året. Påmelding innen 4.mars her: grv@vlfk.no

ONS i Stavanger 26-29.august: her legg Vestland fylkeskommune opp til ein felles stand: Bli med på energimessa ONS 2024 - Vestland fylkeskommune

Bilde frå hubsamlinga i juni 2023 - no inviterer vi på nytt.

Aktuelle rapportar og analyser

I Grøn region Vestland sitt dashboard har vi oppdaterte utsleppstal for fylker og kommuner med 2022-tallene frå Miljødirektoratet. Sjå også referatsak som blei lagt fram for hovudutval for næring og fylkesutvalet i januar og februar.

Bli kjent med vårt dashboard - så held du deg oppdatert om status i det grøne skiftet i Vestland.

Kva skjer i teamet?

Vi har fått med oss nye krefter frå Innovasjon Noreg og ønskjer Aina velkommen på laget. Ho har lang erfaring innan internasjonal marknadsføring, og har sist vore i Microsoft kor hun har hatt ansvar for berekraftig utvikling. Vi ønskjer Aina hjarteleg velkommen. Ho vil bidra med viktig kompetanse for hubbane.

Dette er kontaktpersonane i prosjektteamet 2024:

  • Heidi Gaustad, prosjektleder (Innovasjon Norge)

  • Lene Waagen Borge, dataanalyse (VLFK)

  • Anne Stine Hovland, internasjonal og nasjonal koordinering (VLFK)

  • Tor Martin Misund, kraft og grønn infrastruktur (VLFK)

  • Tiril Amalie Johansen, trainee i kommunikasjon (VLFK)

  • Arent Kragh, kommunikasjon (VLFK)

  • Aina Bolstad, marketing, internasjonalisering (Innovasjon Norge)

Aina Bolstad er det siste tilskotet til prosjektteamet. Ho er tilknytta Innovasjon Noreg.

Korleis halde deg oppdatert?

Vi legg ut informasjon fortløpande og du finn oss her:

Du finn aktuelle arrangement på Grøn region Vestland sine nettsider: Årshjul — Grøn Region Vestland (gronregionvestland.no) .

Del gjerne lenka til denne saka med dei du trur kan ha nytte av det.

Forrige
Forrige

Grøn industriell symbiose – nøkkel til berekraftig vekst

Neste
Neste

Ny industrisatsning for hydrogen i stor skala