Grøn industriell symbiose – nøkkel til berekraftig vekst
Korleis skape berekraftig vekst og verdiar for bedrifter og samfunnet i en grøn omstilling? Den 14- mars, i samarbeid med festivalen Varmere Villere Våtere kan du få med deg erfaringar frå Danmark og Noreg på dette arrangementet til Grøn region Vestland, Danmarks Ambassade i Oslo, og rådgjevingsselskapet COWI. Her får du høyre om erfaringane frå dei som har helde på lengst med grøn omstilling og industriell symbiose i Kalundborg og Green Lab i Danmark. Frå industrien i Vestland får vi høyre om deira ambisjonar.
Frå programmet:
Velkomst ved handelssjef Ninna Katrine Sanden på Danmarks Ambassade, og Heidi Synnøve Gaustad, prosjektleiar i Grøn region Vestland
Fylkesordførar Jon Askeland om ambisjonane i Grøn region Vestland og bygging av verdsleiande grøne hubbar gjennom industriell symbiose
Erfaringar og læring frå GreenLab (i Skive) v/Jakob Hebsgaard Mogensen og Kalundborg Symbiose v/Lisbeth Randers
Paneldiskusjon med norske og danske aktørar om kordan grøn industriell symbiose er ein del av det grøne skiftet
Stad: Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven 8, den 14. mars kl 12 - 16.
Meld deg på via lenka nedanfor (avgrensa antal plassar):