Kompetanse

Utvikling av grøne verdikjeder, industriell symbiose og sirkulærøkonomi krev ny og oppdatert kompetanse. På denne nettsida kan du sjå kva kompetanse som er særleg relevant og kva utdanningsinstitusjonane og andre aktørar i Vestland kan tilby.

Kritisk kompetanse for bedrifter i industrielle symbiosar som skal realisere grøne verdikjeder

Kompetanse er kunnskap, forståing, ferdigheiter og haldningar og verdiar. Investering i kompetanse er både kompetanseheving, men òg korleis organisasjonen utnyttar og får tilgang til kompetanse gjennom til dømes samarbeid og rekruttering. Med utgangspunkt i grunnkompetansen hjå tilsette og bedrifter, er ulike typar kompetanse kritiske for å lykkast.

I Grøn region Vestland har vi sett nærare på kva som er kritisk kompetanse for bedrifter som skal realisere grøne verdikjeder gjennom industrielle symbiosar og sirkulærøkonomiske løysingar.

Arbeidet byggjer på rapport frå ei arbeidsgruppe sett ned frå ein nasjonal samskapingsmodell (Missions) i januar 2024 og arbeidet med dei 19 hubbane i Grøn region Vestland.

  • Med utgangspunkt i grunnkompetansen hjå tilsette og bedrifter, er det ulike typar kompetanse som kan vera relevant i kartlegging og utvikling.

    Kritisk kompetanse for alle bedrifter som skal realisere grøne verdikjeder:

    • Yrkes- og fagspesifikk kompetanse med tekniske/teknologiske kunnskapar, ferdigheiter, evner og haldningar for dei næringane/verdikjedene ein har sin aktivitet innanfor. Her er det forskjell på tvers av verdikjedene, men behova endrer seg også dersom aktiviteten er knytt til nye eller etablerte verdikjeder og å vera i etablerings- eller driftsfasen.

    • Grunnleggjande kompetanse for grøn omstilling der omstillingskompetanse, sosial og emosjonell kompetanse og berekraftskompetanse er sentralt

    • Yrkes- og fagspesifikk berekraftskompetanse med teknisk/teknologisk kompetanse for å berekne verksemda si påverknad på klima og miljø, og forståing for korleis endra klima, og endra klimapolitikk, påverkar vilkåra for verksemda

    • Digital kompetanse som kan vera både grunnleggande, spesialisert og yrkestilpassa, samt at også kompetanse for generativ kunstig intelligens kan medføre endringar og behov.

    • Grunnlegganade kompetanse om sirkulærøkonomi og industriell symbiose

    • Kompetanseområder som vi har identifisert at er særleg viktig for fasilitatorar for hubbar i Grøn region Vestland: Kompetanse om om bedrifter og verdikjeder i hubben, materialstraumar i hubben, om hubben sin masterplan og styringsmodell og om rammevilkår og interessentar rundt hubben.

Det er mange typar kompetanse som skal til for å lykkast i utviklinga av nye grøne verdikjeder gjennom industriell symbiose og sirkulærøkonomi. Her illustrert med eit tre der greinene viser ulike kompetansetypar.

Kartlegging og utvikling av kritisk kompetanse

Kartlegging og utvikling av kritisk kompetanse kan skje på bedriftsnivå, for ein eller fleire hubbar, for ei næringstype eller verdikjede eller på regionalt og nasjonalt nivå. På regionalt og nasjonalt nivå er det utvikla eit sett med indikatorar som inngår i kunnskapsgrunnlaget for kompetanse i arbeidslivet. I rapporten frå arbeidsgruppa i nasjonal samskapingsmodell (missions) viser ein også ei rekkje andre aktørar som kan ha ei viktig rolle i kartlegging og utvikling av kritisk kompetanse for bedrifter i industrielle symbiosar som skal realisere grøne verdikjeder. Døme her er

Ressursar for utvikling av grunnleggande kompetanse om industriell symbiose og sirkulærøkonomi

I kunnskapsgrunnlaget for strategi for sirkulærøkonomi blir kunnskap om sirkulærøkonomi, FoU om behov og moglegheiter for sirkulærøkonomi, samt haldningar og verdiar løfta fram som barrierer. I statusrapport frå Nordic circular hubs blir folk og kultur (intern motvilje mot endring, prioriteringar og kundetilpassing), samarbeid (silotenking internt og samarbeidsutfordringar eksternt eksemplifisert med datadeling og trygging om gjensidig verdiskaping), finansiering og reguleringar løfta fram som barrierer. Begge desse viser at generell kunnskap om sirkulærøkonomi og industriell symbiose i bedriftene, men også blant virkemiddelapparat og andre delar av systemet er naudsynt. Under er nokre ressursar som kan bidra til å auke generell kompetanse om industriell symbiose og sirkulærøkonomi:

Relevante studium og etter- og vidareutdanningar

Ved utdanningsinstitusjonane i Vestland er det ei rekkje utdanningar som er særleg relevante for sirkulærøkonomi og dei grøne verdikjedene. Det kan vera alt frå gradsgivande studieprogram på bachelor-, master- og PhD-nivå, til enkeltemne og etter- og vidareutdanningar.

Systematisk utvikling av kompetanse i arbeidslivet

Det er i mange tilfelle krevjande å rekruttere tilsette med rett kompetanse. Det blir derfor både jobba systematisk på regionalt og nærregionalt nivå med samarbeid for utvikling av kompetanse i arbeidslivet. Dette dreier seg både om utvikling av kompetanse og om rekruttering og stadutvikling.

Regional kompetansepolitikk

Fylkeskommunane har eit overordna ansvar for å den regionale kompetansepolitikken. I tråd med nasjonale føringar inneber dette arbeidet at

Dialog med studentar og fagmiljø

I arbeidet med rekruttering er dialog med studentar og fagmiljø sentralt. Døme på dialog er studentoppgåver i samarbeid med bedrifter og studentar i praksis.

  • Høgskulen på Vestlandet har laga ei nettside om studentoppgåver i samarbeid med næringslivet og har i tillegg fleire praksisemne på studium som er relevante.

  • Universitetet i Bergen har ei stipendordning for “grøne masteroppgåver”.

  • Klimapartnere Vestland har oppretta ei side med oversikt over relevante studieprogram, fag og kontaktpersonar for å kome i kontakt med studentar. Her er det moglegheit for samarbeid om mellom anna masteroppgave og praksis.

Gjennom Framtidsfylket og Utdanning i Bergen kan bedrifter synleggjere moglegheiter og komme i kontakt med potensielle søkjarar.

By- og stadutvikling

Eit område mange bedrifter og lokalsamfunn trekkjer fram som kritisk for tilgang på kompetanse er by- og stadutvikling. Vestland fylke har fleire tilskotsordningar og initiativ som kan vera relevante å nytta i arbeidet med by- og stadutvikling. Døme her er tilskot til berekraftig samfunnsutvikling og LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling.