På besøk hos Hub for Minerals
Hub for Minerals er ei av dei 19 hubbane i Grøn region Vestland. No har dei inngått eit samarbeid med Nordic Mining, Cemonite og Førde Sementvare for å utforske kommersielle moglegheiter ved bruk av restmasser frå mineralutvinning i betongproduksjon. Prosjektet vil utnytte restmasser gjennom industriell symbiose. Restmasse frå oppredningsanlegget på Engebø inngår som råvare som med ny teknologi kan brukast for å utvikle ein ny type betong med vesentleg lågare miljøavtrykk.
Vi var på besøk hos dei under signeringa av den nye avtalen og stilte litt spørsmål. Ta ein titt!
Nord-Europas største tørrdokk med null utslepp til havet
I hubben Hanøytangen Industrial Park på Askøy finn du Nord-Europas største tørrdokk. Her har dei utvikla eit eige reinsesystem som gjer at vatnet som blir sleppt ut i havet frå dokka er 100% reint. Dei har dermed ingen utslepp til havet, noko som er heilt unikt for tørrdokker.
Bioparkkonferanse på Voss
Grøn region Vestland har vore på Voss bioparkkonferanse, som vart arrangert for andre gong i mars i år. Arrangørane inviterte heile landet til ein fullspekka dag om bioparkar. På Voss jobbar dei nemleg med realiseringa av ein biopark - og skal bli verdsmeistrar i industriell symbiose.
Voss Biopark er ein av hubbane i prosjektet Grøn region Vestland. I intervjuet har me med oss Ulrikke Voltersvik Hernæs (forretningsutviklar i BIR AS), Elise Sæle Dahle (prosjektutviklar i Land møter hav) og Kaia Finne (næringssjef i Voss herad).
Industriell symbiose i praksis
Vi seier vi skal byggje morgondagens grøne industrieventyr på skuldrene av olje og gass, og at vi må samarbeide på nye måtar for å få det til. Men korleis kan det sjå ut i praksis? Og kva tyder eigentleg industriell symbiose?
Hardanger Hydrogen Hub er ei historie om banbrytande innovasjonsprosjekt, og om mange aktørar som ikkje kan klare dette åleine. Men, dei kan få det til saman.
Grøn kaffiprat med Energiparken
I løpet av mindre enn eit halvt år har CCB Energy signert to opsjonsavtalar med store moglegheiter, både for fangst av CO2 i atmosfæren - og no for produksjon av reint hydrogen. Korleis har Energiparken jobba for å komma dit dei er i dag? Og har det å vera ein hub noko betydning for dei? Vi har tatt ein "grøn kaffiprat" med Ronny Haufe, direktør i CCB Energy, der han deler erfaringar.