«Nordic Innovation» - ein akselerator frå Nordisk Ministerråd
Nordic Innovation er ein organisasjon etablert av Nordisk Ministerråd med formål om å støtte berekraftig utvikling og innovasjon i nordisk næringsliv.
No tilbyr dei bedrifter i Norden gratis deltaking i eit akselerator-program kor ein vil hjelpe bedrifter å oppnå sirkulære verdikjeder gjennom å få i stand innsamling, analyser og deling av data på tvers av verdikjeder. Døme på slik data som ein treng å få eller gje innsyn kan vere CO2-utslepp, materialval m.v. Målet med det eittårige akselerator-programmet er å gjere nordiske bedrifter trygge på korleis ein deler data for å realisere sirkulære verdikjeder.
Dei vil prioritere samarbeid/symbioser som inkluderer bedrifter innanfor tre ulike verdikjeder.
Du kan få med deg eit webinar som gjer deg meir informasjon allereie onsdag, 31. januar.
Søknadsfristen er: 25. februar.
Sjå meir om dette og påmelding til webinar her: