Høgt fokus på bioparkar på Voss

Hub

Bioparkkonferansen på Voss vart arrangert for andre gong i mars i år, og er ein nasjonal konferanse for sirkulær omstilling i bionæringane. Her møttest folk frå heile landet for å knyta verdifulle kontaktar og få fagleg påfyll om bionæringa. Både store og små aktørar frå mat- og fôrindustrien, avfallsbransjen, politikarar, investorar og verkemeddelapparat var samla for å skapa engasjement om bioøkonomien - det grøne gullet.

Under årets konferanse fekk me høyra frå fleire ulike stader som dreiv med industriell symbiose og bioparkar. Voss Biopark var ein av dei. På Voss jobbar dei nemleg med realiseringa av ein biopark, som er ein av dei 19 hubbane i Grøn region Vestland. Det dei driv med her er nybrotsarbeid, og kjem med fleire utfordringar. Ulrikke Volersvik Hernæs som jobbar i BIR og med bioparken på Voss, håpar at bioparkkonferansen kan bidra til å løysa nokre av utfordringane.

Viss me skal få aktørar med oss, pengane med oss, og verkemiddelapparatet med oss, så må dei skjønne kva me vil prøva å få til. Det håpar eg at ein møteplass som dette her kan bidra til.
— Ulrikke Voltersvik Hernæs, forretningsutviklar i BIR AS

Sjå intervju frå bioparkkonferansen

Under bioparkkonferansen tok me ein prat med arrangørane om både konferansen og den kommande bioparken på Voss. I intervjuet har me med oss Ulrikke Voltersvik Hernæs (forretningsutviklar i BIR AS), Elise Sæle Dahle (prosjektutviklar i Land møter hav) og Kaia Finne (næringssjef i Voss herad).

Forrige
Forrige

Søk støtte til utvikling av sirkulære verdikjeder

Neste
Neste

Kva skjer – rapport frå det grøne skiftet i Vestland