Søk støtte til utvikling av sirkulære verdikjeder

Samarbeidsprosjekt for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024 er ei ei stønadsordning frå Innovasjon Norge / Norwegian Innovation Clusters.

Ordninga retter seg mot små og mellomstore bedrifter som kan søkje åleine eller i samarbeid gjennom klynger eller i samarbeid med større bedrifter eller offentlege aktørar.  Det vert oppmoda til samarbeid med kompetanseaktørar som katapultar, universitet og liknande.

Målet med ordninga å støtte utviklinga av sirkulære løysingar i næringslivet, uavhengig av bransje, kor ein får til betre utnytting av ressursar, auka bruk av re- eller oppsirkulerte råmaterialar, lågare forbruk av jomfruelege materialar, kutt i CO2-utslepp, mindre avfall og lågare energiforbruk.

Bedrifter som vil søke må levere skisse til løysing innan 4. september 2024.06.14

Det vert informasjonsmøte om ordninga: 20. juni 2024.

Du kan lese meir om ordninga og melde deg på informasjonsmøte her:

Skisseutlysning for "Samarbeidsprosjekter for utvikling av sirkulære verdikjeder 2024" | Norwegian Innovation Clusters (innovasjonnorge.no)

Forrige
Forrige

Kva skjer? Rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Neste
Neste

Høgt fokus på bioparkar på Voss