Kva skjer – rapport frå det grøne skiftet i Vestland

Kva skjer i hubbane?

«Ingenting er mogleg» seier dei i Hydro, og med det meiner dei at utsleppsfri aluminiumsproduksjon er mogeleg. Den seinaste tida har Hydro opna eigne senter for produksjon av resirkulert aluminium i både Årdal og Høyanger.

Den 10. april var dåverande næringsminister Jan Christian Vestre med på å markere opninga av ei ny støyperi-linje hos Hydro i Årdal. Her vert det blanda inn 25 resirkulert aluminium i produksjonen.

Dette blei det siste besøket til Vestland for Jan Christian Vestre i rolla som næringsminister. Han brukte anledninga til å seie frå om at han vurderer prosjektet Grøn region Vestland som viktig for industrien og særleg den grøne omstillinga av industrien i Vestland. «Eg elskar Grøn region Vestland», sa han og markerte dette tydeleg.

No er utfordringa for alle gode krefter i og for industrien i Vestland å skape den same entusiasmen hos den nye næringsministeren.

Trine Grøttebø frå Årdal Utvikling og tidl næringsminister Jan Christian Vestre

Den 19. april opna eit resirkuleringssenter for aluminium også ved Hydro i Høyanger. Her var det mellom anna finansminister Trygve Slagsvold Vedum som stod for opninga. Ved anlegget i Høyanger skal aluminiumsskrap frå ei rekke kjelder smeltast om til bruk for ny aluminiumsproduksjon. Her vil dei produsere om lag 36 000 tonn resirkulert aluminium årleg. Slik resirkulering av aluminium treng berre fem prosent av energien som vert nytta i elektrolyseproduksjon av aluminium.

Her ser vi klasse 5A ved Høyanger skule. Dei vann tidlegare førstepremien for kreativt design i konkurransen «Aksjon Gjenvinning» i 2023. Derfor var dei sjølvsagte gjester ved opninga av resirkuleringssenteret i Høyanger. Her ser vi de saman med mellom anna finansminister Trygve Slagsvold Vedum som klypte snora under opninga, og ordførar Petter Sortland i Høyanger.

Milliardstønad til selskap i Skipavika Innovation Park.

Gulen-verksemda Skiga er ein av sju verksemder som har delt i alt 720 millionar Euro som vart lyst ut gjennom den første hydrogenauksjonen til EU-kommisjonen. Denne ordninga, som er finansiert gjennom det europeiske kvotehandelssystemet som Noreg er ein del av, skal sikre støtte til produksjon av fornybart hydrogen. I denne runden vurderte EU-kommisjonen i alt 132 tilbod frå 17 ulike land. Skiga i Gulen var altså ein av sju selskap som nådde opp. Støtta til Skiga er inntil 963 mill kr.

Du kan lese meir om dette her:
Gulen-selskap får nesten en milliard fra EU (bt.no) 

 

Aktuelle tilskot og anna nytt frå verkmiddelapparat/VLFK/IN

Test grøne idéar med hjelp frå Siva

Testing av nye idéar og produkt er ein sentral del av arbeidet med grøn omstilling og utvikling av berekraftige verdikjedar. Det statlege Siva (Selskapet for industrivekst) har no ei utlysing for etablering av «katapultar» eller industrinære testarenaer. Her er det meininga at norske verksemder skal få enkel tilgang til utstyr, teknologi og kompetanse frå dei fremste industrimiljøa vi har.

Dersom de er interesserte i å vite meir om kva støtte ein kan få og kva som trengst for å kvalifisere som eit testsenter kan du lese meir om stønadsordning her: Utlysning av testfasiliteter i distriktene - Siva.

Søknadsfristen er: 15. mai 2024

Klyngeutlysing

Innovasjon Noreg, Siva og Forskningsrådet har opna for opptak av nye klynger til klyngeprogrammet “Norwegian Innovation Clusters”. Programmet skal styrke samarbeid og fremme vekst og innovasjon blant norske bedrifter. Programmet rettar seg mot klynger med særlege føresetnader for å kunne stimulere innovasjon, grøn omstilling og berekraftig vekst.

Meir informasjon om klyngeutlysinga finn du her: Opptak av nye klynger

Søknadsfristen er:  21. juni 2024

Stønad til opplæring internt i bedriftene

For verksemder i Grøn region Vestland som treng å gjennomføre bedriftsintern opplæring for gjennomføre naudsynte omstillingar i sitt arbeid for å bli berekraftige er det mogleg å få stønad til desse tiltaka frå Vestland fylkeskommune. Verksemder i hubbane i Grøn region Vestland er ei viktig målgruppe for ordninga, og fylkeskommunen vil gjerne ha søknadar frå desse miljøa.

Du kan lese meir og finn søkna

Søknader vert vurdert løypande, men siste frist for å få støtte til tiltak i år er: 1. oktober 2024

Tilskot til berekraftig verdiskaping i Vestland

Bedrifter i dei grøne hubbane kan no samarbeide med kommunar, kunnskapsmiljø og andre utviklingsaktørar og få støtte frå Vestland fylkeskommune til større eller mindre utviklingsprosjekt. Hensikten med ordninga er å støtte verdiskaping i Vestland gjennom berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

I ordninga vert det skilt mellom mindre og større utviklingsprosjekt. Mindre prosjekt varer typisk inntil eitt år, og får mellom 0,2 og 0,5 mill kr i tilskot. Større prosjekt kan vare inntil tre år og få meir i støtte.

Du kan lese meir om støtteordninga, informasjonsmøte enten 16. mai eller 5. juni her:

Lyser ut 17 millionar til berekraftig verdiskaping i Vestland

Søknadsfristen er: 16. juni 2024

Viktige ting som skjer framover i Grøn region Vestland

Havexpo er ein ny internasjonal messe og konferanse som tek opp vilkåra for norsk havbruk og fiskerinæring. Messa finn stad på Straume idrettspark på Straume på Sotra. Eit omfattande konferanseprogram tek opp eit breitt spekter av utfordringar innan havbruks- og fiskerinæringane med vekt på korleis ny teknologi kan hjelpe omstillinga av næringa.

Havexpo opnar 6. mai og varer i tre dagar fram til 8. mai.-

Prosjektleiar for Grøn region Vestland er ein del av standen til Vestland fylkeskommune og vil vere til stades opningsdagen for å verte betre kjent med aktørar i havbruksnæringa. Næringa har sentrale roller i  samarbeidet i fleire av dei grøne hubbane i Grøn region Vestland.

Aktuelle rapportar og analysar

Systemindustrien er den industrien som sett saman råvarer, kapital, kompetanse, design og utvikling til nye, teknologiske produkt og tenester. Det er denne industrien som ofte skal levere den nyutvikla teknologien som trengst for at annan industri kan legge om til berekraftig, utsleppsfri produksjon.

Systemindustrien i Vestland er avgjerande i verdikjeder kor industrien dei forsyner står for om lag 40 % av verdiskapinga i Vestland.

Etter initiativ frå Hardanger Hydrogen Hub / Hardanger Industri har EY no utarbeidd ein systemindustrianalyse som synleggjer potensialet og korleis denne industrien kan bidra til det grøne skiftet.

Du kan lese heile denne analysen på våre heimesider her:

https://www.gronregionvestland.no/s/Analyse-systemindustrien-Final.pdf

Systemindustrianalysen vart lagt fram i april med ei samling i Vestlandssalen på Vestlandshuset. Her ser vi fleire av industriaktørane i paneldiskusjon leia av Owe Hagesæter frå GCE Ocean Technology.

Forrige
Forrige

Høgt fokus på bioparkar på Voss

Neste
Neste

Dei skal skape den grøne omstillinga i Vestland