Forsterkning av den industrielle utviklinga i Vestland med nytt testsenter og samarbeid på tvers

No har vi fått eit nasjonalt testsenter for robotteknologi her i Vestland, og forsterkar med det den industrielle utviklinga i fylket.


Siva, selskapet for industrivekst, har nyleg utnemnt åtte nye katapultnoder under ordninga Norsk katapult. Denne ordninga gjer at små og store bedrifter får endå betre og enklare tilgang til testfasilitetar og industrikompetanse i heile landet.

Blant desse nye åtte katapultnodane finn me Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) som held til på Osterøy i Vestland. Ifølgje Siva er dei nye katapultnoda valde ut basert på deira evne til å levera dei beste og sterkaste industrielle løysingane.

Osterøy Robotklynge vart peika på som ein “runners-up” i Vestlandsporteføljen 2.0, og driv med mykje spennande og viktig aktivitet. I september 2024 stifta dei lokale industribedriftene, Industriutvikling Vest og Osterøy Utvikling, Kompetansesenteret for Robotteknologi AS. Det er dette selskapet, saman med Høgskulen på Vestlandet, som søkte om og vart utnemnt til eit katapultnode og ein nasjonal testarena innan anvending av robotteknologi.

Det er viktig at norske bedrifter har god tilgang til kompetanse og gode testfasilitetar for å sikra konkurransekraft og berekraftig utvikling. Derfor er dei nye katapultnoda gledeleg nytt for bedrifter over heile Noreg
— Næringsministar Cecilie Myrseth

Samarbeid med hubben Årdal Teknologipark

Allereie før KORT vart eit nasjonalt testsenter, var dei i gang med eit samarbeid med ein av hubbane i Grøn region Vestland; Årdal Teknologipark. Dagleg leiar i Årdal Utvikling, Geir Hansen, peikar på at KORT og næringslivet på Osterøy er i særstilling når det kjem til robotisering og samhandling av kompetanse innan robotteknologi.

- Måten dei tenkjer og samhandlar på er lik måten me ønske å byggja omstilling gjennom industrielle symbiosar her i Årdal Teknologipark. Skal me klara det grøne skiftet og få til aktivt omstillingsarbeid, er det viktig at me kan knyta oss opp mot gode fagmiljø som KORT og Osterøy Utvikling. Dette er eit positivt samarbeid me tykkjer er stas å utvikla vidare, fortel Geir Hansen.

Prosjektleiar for KORT Nettverk, Hjalti Heimir Gislasson, fortel at ein delegasjon frå kvar kommune besøkte den andre tidlegare i år: Årdølingane tok turen til Osterøy i vinter og ostringane reiste inst i Sognefjorden i vår.

- Både industrien, kommunane, næringsutviklingsselskapa, og dei lokale utdanningsinstitusjonane var representerte, og ein fann fort at me har mykje til felles, men også mykje å læra av kvarandre. Samarbeidet har fortsette i løpet av sommaren der årdølingane byggjer eit generelt kompetansenettverk blant industribedrifter i regionen, der KORT vil bidra med kunnskap, opplæring og kompetanse. Anna direkte industrielt samarbeid blir samtidig førebudd og dette er i arbeid, seier Gislasson.

Bilete av delegasjonen frå Osterøy på besøk hos Årdal Teknologipark.

 Osterøy-delegasjonen på besøk hos Årdal Teknologipark tidlegare i år. Foto: Osterøy Utvikling

Gruppebilde av delegasjonen fra Osterøy og Årdal.

 Osterøy-delegasjonen saman med delegasjonen frå Årdal Teknologipark samla tidlegare i år. Foto: Osterøy Utvikling

Forrige
Forrige

Vil bruke restmasse frå mineralutvinning til berekraftig betongproduksjon

Neste
Neste

Søk stønad til innovasjonsprosjekt