Vil bruke restmasse frå mineralutvinning til berekraftig betongproduksjon
No har Hub for Minerals inngått eit samarbeid med Nordic Mining, Cemonite og Førde Sementvare for å utforske kommersielle moglegheiter ved bruk av restmasser frå mineralutvinning i betongproduksjon. Prosjektet vil utnytte restmasser gjennom industriell symbiose. Restmasse frå oppredningsanlegget på Engebø inngår som råvare som med ny teknologi kan brukast for å utvikle ein ny type betong med vesentleg lågare miljøavtrykk.
- Prosjektet treff kjernen av det vi ønskjer å oppnå med Hub for Minerals, seier prosjektleiar Gunhild Berge Stang. Dette vil bidra til at vi byggjer ny kunnskap knytt til restmineral, først lokalt på Engebø, men også for ny framtidig mineralverksemd. Det støtter målet vårt om at mineralnæringa skal bidra til lokal og regional verdiskaping, og skape nasjonale ringverknader.
Samarbeidsavtalen som er inngått skal utgreie og verifisere potensialet for å bruke delar av restmassen som skal deponerast, som bindemiddel i betong. Mindre restmassar til deponi vil påverke miljøavtrykket til utvinninga, samtidig som det potensielt kan redusere CO2 utslipp for ferdig betong. Restmassar som innsatsfaktor i betongproduksjon vil også redusere ressursforbruket i eksisterande verdikjede for betongproduksjon.
- Dette prosjektet er viktig for oss, seier Kenneth Nakken Angedal, dagleg leiar i Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining). Det gir oss moglegheit til å utnytte restmasser på ein innovativ måte og samtidig redusere miljøavtrykket vårt. Ved å samarbeide med leiande aktørar innan betongproduksjon, kan vi bidra til å utvikle berekraftige løysingar.
Dette initiativet har som mål å redusere CO2-utslepp og fremje ei meir berekraftig verdikjede for betongproduksjon, samtidig som ein reduserer behovet for deponi. Ein viktig milepæl for hubben.
Meir berekraftig verdikjede
Den nye verdikjeda slår saman verdikjeda frå mineralutvinning av rutil og granat og betongproduksjon, og vert ei grønare verdikjede. Målet til samarbeidspartane er å skape ei ny verdikjede som bruker restmasser frå mineralutvinninga i Engebøfjellet saman med ny sementteknologi som bindemiddel i betong.