Vestlandsporteføljen 2.0 lansert

Fylkesordførar Jon Askeland talar i Vestlandssalen på Vestlandshuset under lanseringa av Vestlandsporteføljen 2.0

Fylkesordførar Jon Askeland held åpningsinnlegget på lanseringa av Vestlandsporteføljen 2.0, foran ein fullsett Vestlandssal.

Kunnskapsgrunnlaget for arbeidet i Grøn region Vestland er no oppdatert. Vestlandsporteføljen 2.0 blei lansert 5. desember i Vestlandssalen, med over 100 deltakarar til stades. Etter lanseringa var det mange gode møte mellom partane. Opptak frå lanseringa kan sjåast her: Grøn region Vestland 2.0 (vlfk.no).

Frå denne oppdateringa ser vi at det er god vekst i spennande, nye grøne prosjekt innan energiomstilling og innan blå og grøn bioøkonomi.

Til saman har vi no identifisert 19 strategiske grøne hubbar fordelte over heile fylket. Nytt frå tidlegare er at vi denne gangen har ein tydelegare definisjon av kva ein grøn hub er. Dei grøne hubbane har no ein klårare geografisk definisjon. I tillegg ser vi på korleis det står til i det kritiske økosystemet rundt verksemdene i hubben. Har dei tilgang på areal, på kraft og naudsynt kompetanse? Her er det no definert ein «gullstandard» som vil gjere det lettare for verksemder, styresmakter og verkemiddelapparat å samarbeide om å realisere den grøne omstillinga av industrien i Vestland.

På same måte som i den førre versjonen av Vestlandsporteføljen, er hovudstrategien for å få til grøn omstilling industriell symbiose. Dette inneber at verksemdene utnyttar kvarandre sine sidestraumar, der den eine sitt avfall blir den andre sin ressurs. Dette kan til dømes vere materialar eller overskotsvarme.

Du kan lese meir om dei 19 strategiske, grøne hubbane som er sentrale i det vidare arbeidet i Grøn region Vestland her: https://www.gronregionvestland.no/hubar

Forrige
Forrige

Tilskot til kompetanseutvikling

Neste
Neste

Verdsnyheit i Grøn Hub Vest