Verdsnyheit i Grøn Hub Vest

Ordførar i Øygarden saman med leiar i Bellona Fredrik Hauge, fylkesordfører Jon Askeland og direktør Ronny Haufe frå CCB Energy klypper saman snora under opninga av hydrogenanlegget i Energiparken.

Verdas fyrste hydrogenanlegg med integrert fangst av CO2 er opna i Vestland - nærare bestemt, Energiparken i Øygarden.

Hydrogenanlegget ligg i ein av dei 16 hubane i Grøn region Vestland, Grøn Hub Vest, og er ei verdsnyheit. H2 Production AS, CCB Energy Holding og ZEG Power AS har gått saman om å produsere blått hydrogen med heilt ny teknologi. Hydrogen blir framstilt med naturgass som råstoff, samtidig som CO2 blir fanga i hovudprosessen. Anlegget er plassert i nærleiken av Northern Lights på Kollsnes, kor klimagassen vil lagrast.

Med integrert CO2-fangst i anlegget kjem fleire fordelar. Anlegget er billigare grunna få steg i prosessen, og gjer vidare hydrogenet meir konkurransedyktig. I fyrste omgang er anlegget i stand til å produsere 1-5 tonn hydrogen dagleg, men ZEG (som står for teknologien) jobbar allereide med neste skala som kan produsere 10-15 tonn dagleg.

Les meir om hydrogenanlegget her.

Bilete av hydrogenanlegget i Energiparken i Øygarden.

Hydrogenanlegget i Energiparken i Øygarden.

Forrige
Forrige

Vestlandsporteføljen 2.0 lansert

Neste
Neste

Enova med støtte til BIO Voss