Sidan sist - nyheitsoppdatering frå prosjektet

Sommaren er over, og det svingar allereie godt rundt hos hubbane, prosjektet og alle rundt. Lurar du på kva som har skjedd sidan sist? Her kjem ei oppsummering.


Ny tilskotsordning for hubbane i Grøn region Vestland

Tilskotsordninga er ei ordning som rettar seg mot arbeidet i dei grøne hubbane i Grøn region Vestland. Den skal bidra til at hubbane kjem vidare i arbeidet med industrielle symbiosar og styrking av dei grøne verdikjedene i Vestland. Søkjar må ha nødvendig tilknyting til hubben i Grøn region Vestland som det vert søkt støtte til, og ha rett til å representere bedriftene og andre aktørar i hubben.

Les meir om tilskotsordninga og korleis du søker, her.

Innspel til industrimeldinga

Vestland fylkeskommune har dei siste vekene gitt innspel til regjeringa si industrimelding og til ekspertgruppa for verkemiddel for å fremja sirkulære aktivitetar der vi løftar fram erfaringar og innspel frå hubbane i Grøn region Vestland. Sjå innspelet her.

Lansering av digital møteplass og webinarserie frå Grøn region Vestland

Endelig har vi lansert ein eigen møteplass for hubbane, samt ein webinarserie for folk med tilknytning til verksemder og hubbar, og andre aktrørar, styresmakter og gode hjelparar. Annankvar månad vil det vera eit digitalt møte for hub-fasilitatorer og andre sentrale aktørar, og annankvar månad vil det vera eit ope webinar for alle. Temaa vil vera ulike frå gong til gong. Målet er å skapa eit forum på tvers av hubbar for å lære raskare - saman.

23. august hadde vi første webinaret i rekkja i webinarserien. Da fekk vi med oss Anita Fossdal, seniorrådgjevar i Enova, for å fortelja om Enova og støtteordningar. Fekk du ikkje med deg webinaret? Opptaket kan sjåast her.

Neste samling vil vera for hub-fasilitatorane 27. september.

Høgt engasjement under Arendalsuka og ONS

I August var representantar frå prosjektteamet i Grøn region Vestland til stades under Arendalsuka og ONS (Offshore Northern Seas). Her fekk me knytt kontaktar på tvers av regionar, og formidla dei spennande prosjekta som går føre seg ute i hubbane.

Milepælar på rekkje og rad i hubbane

Lansering av Ågotnes Maritime Cluster

Nyleg inviterte CCB Ågotnes eit knippe bedrifter til lanseringsmøte for hubben Ågotnes Maritime Cluster - og markerte med det offisiell oppstart for hubben.

- Det var ein veldig god respons på invitasjonen. Ein god start å merka at folk er motiverte for at det skal skje ting. No må vi finne fellesnemnarane og jobba vidare, seier Hanne Misje Lokøy, leiar for marknad og kommunikasjon i CCB, til Vest Næringsråd.

Undervegs i møte vart det arbeidd i grupper for å diskutera kva potensiale bedriftene har for samarbeid rundt mellom anna kompetanse og verdikjedene. 
 

Merkedag for Voss Biopark

Grunnsteinen for BIR sitt biogassanlegg er no lagt ned på Voss - ein viktig merkedag for hubben. Anlegget skal etter planen vera i full drift i løpet av 2026.

Vi gratulerer! Les meir her.

Oppstartsmøte for Stord Transition Hub

11. september hadde Stord transition hub oppstartsmøte. Næringsliv, kommune og andre viktige aktørar i hubben løfta fram sine prosjekt og kva som blir viktig i åra som kjem. Resultatet vart eit forprosjekt med fire arbeidspakkar for kraft og nett, kompetanse, materialar og samling, synleggjering og samskaping.

Bilete under er frå workshopen i Stord. Foto: Marius Knutsen

Workshop i Florø

12. september inviterte Aksello til ein workshop saman med fleire aktørar i det lokale næringslivet i Florø for å jobba vidare med hubben Fjord Base Energy Hub. Tidlegare har dei hatt to forprosjekt som peikar på område som vil vera viktige å jobba med vidare, med identifiserte konkrete prosjekt som dannar eit godt grunnlag for veien veidare.

Hardanger Hydrogen Hub i Sirkulære Rjukan

Ingvald Torblå, hub-fasilitator for Hardanger Hydrogen Hub, deltok i ein idé-lab for sirkulærøkonomi på Rjukan i august, som ein representant frå Vestland. Her var ein rekkje større bedrifter samla for å utveksle erfaringar og idéar. Torblå, som jobbar i Odda Technology, holdt sluttinnlegget og fekk fortalt om historia bak hubben og Grøn region Vestland.

Aktuelle tilskot og anna nytt frå verkemiddelapparatet

Siste søknadsfrist for bedriftslading for tunge køyretøy

Enova har ein søknadsrunde igjen før støttetilbodet for bedriftslading blir avslutta. Fristen er 15. oktober 2024 kl. 12:00. Les meir info om støtteordninga her.

Fristar på andre relevante støtteprogram frå Enova: “Underveislading for tunge køyretøy” er 28. oktober. Les meir om den her.

Ny støtteordning for grøne industriprosjekt

Tidlegare i september lanserte næringsministeren den nye støtteordninga for grøne industriprosjekt. No kan bedrifter kontakta Innovasjon Noreg om lån gjennom den nye ordninga Grønn industrifinansiering. Regjeringa stiller inntil fem milliardar kroner tilgjengeleg for å realisera store, industrielle prosjekt. Ordninga har eit totalbudsjett på inntil 5 milliarder kroner.

Kva skjer framover?

27. september vil vi ha den første digitale hub-samlinga for alle hub-fasilitatorar.

Neste opne webinar frå Grøn region Vestland vil vere 25. oktober. Denne gongen vil vi setja fokus på industriell symbiose og fasilitatorrolla. Webinaret er todelt. Første del er opent for alle, medan andre del er for hub-fasilitatorar. Du kan melda deg på webinaret her.

Årshjul

Visste du at vi har eit eget årshjul kor vi har samla relevante aktivitetar og arrangement?

Du finn det i menyen under “ressursar”, eller ved å klikke her.

Noko som manglar? Send eit tips til grv@vlfk.no.

Forrige
Forrige

Søk stønad til innovasjonsprosjekt

Neste
Neste

Søk stønad til bedriftslading for tunge køyretøy