Tilbake til alle arrangementer

Webinar: Oceanopolis - korleis lykkast med digitale moglegheiter

Er bedrifta di klar til å lykkast med digitale moglegheiter?


Digital transformasjon er ikkje lenger ein luksus, men ei nødvendigheit. Anten det handlar om å oppgradera forretningsmodellar, forbetra prosessar eller levera smartare produkt og tenester, kan innovative teknologiar som kunstig intelligens, data og robotikk gi bedrifta di eit konkurransefortrinn. 


Me ønskjer derfor å invitera deg med på eit webinar der mentorar frå den europeiske digitaliseringshubben Oceanopolis fortel nærare om kva slags moglegheiter bedrifta di har for å få gratis mentorbistand til slike utfordringar. Webinaret blir ei blanding av presentasjonar og praktiske døme på korleis du kan kartleggja di bedrifts digitale modnad, til korleis de går fram for betre å lykkast med å få med tilsette på digitale utviklingsløp – til det beste for både lønnsemda til bedrifta og gode kundeopplevingar.


Meld deg på webinaret og oppdag korleis du kan:
✔️ Få gratis mentorbistand frå ekspertane i Oceanopolis-prosjektet
✔️ Kartlegge di bedrifts digitale modnad og potensiale
✔️ Inspirere og engasjera tilsette i digitale utviklingsløp
✔️ Auka lønnsemda og skapa betre kundeopplevingar


Webinaret er ei unik blanding av praktiske døme og ekspertinnsikt. Du vil læra korleis du kan testa og realisera nye digitale løysingar – same kvar i digitaliseringsreisa di bedrift er.

Forrige
Forrige
17. januar

Webinar: Er vi på rett veg for å nå måla våre?

Neste
Neste
7. april

Innovasjon for en bærekraftig fremtid