Sirkulære Høyanger
Kva er målet med hubben?
Sirkulære Høyanger er ei satsning som skal vidareutvikle og transformere Høyanger til å bli eit industrifyrtårn i Vestland med sterk industriell symbiose mellom aktørane. Huben skal vere tufta på sirkulærøkonomi og det er allereie igangsatt fleire prosjekt. Prosjekta finn for ein stor del plass i Hydro sitt smelteverk forutan i det gamle Brownfield-anlegget «Fundo» i Leira Næringspark.
Nøkkelprosjekt
Resirkulering av forbrukermetall: Hydro Høyanger skal lage noko av den reinaste aluminiumen i verda, gjennom gjenbruk av forbrukeraluminium og skal produsere 33 000 tonn årlig.
Hydrogenproduksjon: Hydro Havrand planlegg å starte hydrogenproduksjon som skal erstatte LNG i Hydros sitt resirkuleringsanlegg.
Metallgjenvinning: Det er igangsatt fleire spennande prosjekt innan gjenvinning av metallar, til dømes vindmølleblader, katoder og avfall.
Karbonfangst og -bruk: Bergen Carbon Solutions siktar mot byggestart i 2024 og ønskjer å fange CO2 frå Hydro Høyanger for å produsere karbon nanofiber.
Produksjon av biofuel: Produksjon og sal av avansert biodrivstoff basert på resirkulert karbon og tilsvarande råstoff for kjemisk industri.
Utvikling av brannsikkert komposittmateriale: Fjordpanel utvikler brannsikre lavvekst komposittplater i Høyanger. Platane er særleg godt tilpassa båtar og tog.
Gjenbruk av restvarme: Det er lagt planar for å auke gjenbruken og resirkuleringa av varme frå produksjonen i Høyanger til oppvarming av ulike lokaler i bygda.
Aktørar
Hydro
Bergen Carbon Solutions
Tiotech
Refacture
Fjordpanel
Høyanger Næringsutvikling AS