Greenspot Mongstad
Kva er målet med hubben?
Greenspot Mongstad er eit offentleg-privat prosjekt samarbeid for å skape nye, grøne verdikjeder på Mongstad industriområde. På Mongstad finn i dag mellom anna raffineriet til Equinor, NGL-prosessanlegg, ein råoljeterminal og det største teknologisenter for CO2-fangst i verda. Med store areal og brei kompetanse på basen er det gode moglegheiter for nye verdikjeder.
Nøkkelprosjekt
Fiskeoppdrett på land : ABP Aqua Mongstad planlegg landbasert fiskeoppdrett og har søkt om godkjenning for ein årleg produksjon på 43 000 tonn matfisk.
Energitunell for å realisere industriell symbiose: ABP planlegg distribusjonsanlegg for varmt spillvatn frå raffineringsanlegget til Equinor til anna verksemd på Mongstad,
Fornybar energi på asfalt: På industriområdet er det planar for fem vindturbinar som kan gi fornybar energi til huben. Desse vil ha ein maks kapasitet på 20-25 MW.
Blå hydrogenproduksjon: Equinor utreder molegheta for produksjon av hydrogen av gass ved bruk av CO2-fangst. Denne som eit alternativ til bruk av naturgass i raffineringsprosessen. Dersom prosjektet lykkast vil det gje ein million tonn CO2 lågare utslepp. I tillegg vurderast ein storstilt blå hydrogenproduksjon med tanke på eksport til Europa.
Resirkulering av plastavfall: Recuro planlegg å etablere eit pyrolyseanlegg som resirkulerer plastavfall til høgkvalitetsolje.
Biogassanlegg: Avfallet frå til dømes det landbaserte fiskeoppdrettet og anna organisk avfall kan brukes til å produsere biogass i eit biogassanlegg i industriparken.
Aktørar
Greenspot Mongstad
Asset Buyout Partners
Equinor