Gloppen Biohub
Kva er målet med hubben?
I Byrkjelo i Gloppen kommune er det planar for ein biopark for å utnytte avfall og reststoff frå hushaldningar, fiskeoppdrett og landbruk til bioprodukter. 60 prosent av all brunost blir produsert i Byrkjelo, og det er store moglegheiter for industriell symbiose i bioparken. Gloppen og kommunane rundt har stor tilgang på reststoff og det er stort potensiale for utvikling av ein heilheitleg verdikjede for utnytting av reststoff frå fleire industrier.
Nøkkelprosjekt
Utnyttelse av avfall fra husholdninger, landbruk og havbruk: Eit biogassanlegg som skal ta i mot matavfall, fiskeavfall frå lokale fiskeoppdrettarar, og husdyrgjødsel skal produsere høgverdi biogass og biorest. Bøndene får biorest som dei kan bruke for å produsere husdyrgjødsel. Endeleg investeringsavgjerd er venta i 2024. Det vert no kartlagt kor mykje bio-avfall som er tilgjengeleg. Førebels anslag tilseier at anlegget vil ha eit energipotensiale på 30-60 GWh i året
Pyrolyseanlegg: I tillegg til biogassanlegget er det også mogleg å utnytte avfall frå Tine Meierier, biorest fra biogassanlegget, og anna organisk avfall i eit mogleg pyrolyseanlegg i huben. Pyrolyseanlegget vil produsere biokull samt fjernvarme som kan utnyttast mellom andre av Tine Meierier.
Aktørane
Nomil (Nordfjord Miljøverk)
SFE
Tine
Kontakt:
Inge Bent Arnestad, Nordfjord Miljøverk
inge.bent.arnestad@nomil.no