Energiparken
Kva er målet med hubben?
Energiparken, nord i Øygarden, er første lokasjon i verda med eit CO2-mottak for å lagre karbon permanent under havbotn. Hubben er difor ein attraktiv lokasjon for industri som fangar CO2 og ønskjer kort avstand til deponering. Rik tilgang på naturgass gjer òg Energiparken godt posisjonert for å ta ein leiande posisjon innan produksjon av blått hydrogen og ammoniakk. Målet med hubben er å etablere grøne industriar som kan bidra i ei sirkulær verdikjede og nyttiggjere seg synergiar på området, til dømes overskotsvarme. Det er framleis store ledige areal for vekst, og krafttilgang til nye prosjekt skal sikrast ved bygging av ein ny transformatorstasjon, og dessutan eit tredje kraftsamband ut til Øygarden.
Nøkkelprosjekt
Det første mottaksanlegg for CO2-lagring i verda: Northern Lights har bygd eit anlegg og infrastruktur for mottak av CO2 som skal transporterast i røyr og lagrast permanent under havbotn.
Det første hydrogenanlegg med integrert CO2-fangst i verda: H2 Production, eigd av CCB Energy, skal produsere hydrogen frå naturgass med karbonfangst. Eit pilotanlegg basert på ZEGs teknologi, er etablert i Energiparken.
Karbonfangst frå luft (DAC): CCB Energy har inngått ein avtale med Carbon Removal som planlegg å etablere eit storskala anlegg som skal fange CO2 direkte frå atmosfæren. Anlegget vil ha kapasitet til å fange minst ein halv million tonn CO2 årleg.
Ammoniakkproduksjon i gigaskala: CCB Energy har inngått avtale med Copenhagen Infrastructure Partners som planlegg etablering av eit gigaanlegg som skal produsere ammoniakk frå naturgass med karbonfangst og -lagring.
LNG-produksjon: Gasnor er etablert i Energiparken med eit produksjonsanlegg for LNG. Flytande naturgass (LNG) er reinare og meir miljøvenleg enn tradisjonelle brensler, og det jobbast mot nullutsleppsløysningar innan gass.
Reinsefisk og symbiose: Mowi driv oppdrett av reinsefisk for å fjerne lus frå oppdrettslaks. Produksjonsanlegget i Energiparken er det største anlegg for berggylte i verda. I anlegget skjer det ein symbioseprosess kor fjernvarme blir motteken og kjølevatn gitt tilbake.
Brannberedskap: Øygarden kommune er etablert med ein brannstasjon i Energiparken. Dei har også lagerhallar med lagringskapasitet i tilknyting til ulike prosjekt i kommunen.
Akvakultur og fiskeoppdrett: Blom Fiskeoppdrett, som er ein av pionerane innan oppdrett av laks og aure i Noreg, er etablert med oppdrettsanlegg i tilknyting til Energiparken.
Sentrale aktørar
CCB Energy
Northern Lights JV
H2 Production
Carbon Removal
Copenhagen Infrastructure Partners
Øygarden kommune