Bømlo Fiskerihavn
Kva er målet med hubben?
Den nye Bømlo Fiskerihavn, med sin moderne infrastruktur og lokalisering i eit rikt fiskeriområde, er godt posisjonert for å bli ein leiande hub innan biomasse og sirkulær økonomi. Hamna kan utnytte kortreiste, lokale marine ressursar for å utvikle berekraftige biomasseprodukter som fiskefôr og biogass. Huben kan og bygge sirkulære økonomiske modellar ved å omdanne avfall og biprodukt frå fiskeri- og akvakulturindustrien til verdfulle ressursar
Nøkkelprosjekt
Pelagisk mottak: Rundt 30 % av pelagiske trålkvoter i landet er heimehørande i Bømlo, og eit lokalt mottak av pelagisk fisk sikrer reduserte kostnader og økt anvending av restråstoff.
Industrimottak, samt fiskemel- og oljefabrikk: Ønskjer å vidareutvikle restråstoff til mellom anna fiskemel og -olje.
Filétfabrikk: Framfor å sende fisk ut av landet ønsker man i Bømlo å ha lokal filetfabrikk med filetproduksjon.
Fryseri: For å støtte fileteringa vil Bømlo Fiskerihavn etablere fryseri som sikrer konvertering av fersk fisk og lagringskapasitet før eksport.
Moglege biprodukt frå råstoff og fiskeavskjer: Mogleg fôrfabrikk, biogassanlegg, kompost og produksjon av farmasøytiske produkt.
Lokal energigjenvinning: Bømlo Fiskerihavn jobber med løysingar som sikrer effektiv energidistribusjon med mål om å gjenbruke halvparten av energien. Dette skjer gjennom å legge til rette for aktørane sine vekslande behov for kjøling og varme.
Aktørar
Bømlo Fiskerihavn
Bømlo Skipsservice
Eidesvik Havfiske
Pedersen Maskinering
Bømlo Maskin AS
Hardanger Fiskeforedling AS