Årdal Teknologipark
Kva er målet med hubben?
Årdal teknologipark omfattar dei to industribygdene Øvre Årdal og Årdalstangen og er sentrert rundt Hydros sin aluminiumsproduksjon og prosessindustrien i bygdene. Huben har stort potensial knytt til utvikling av den grønaste prosessindustrien i verda, utvikling av nye produkt og teknologi, og andre moglegheiter bygd på industriell symbiose.
Nøkkelprosjekt
Grøne satsingar hos Hydro: Hydro har fleire grøne satsingar på gang. Til dømes vil teknologi som Smart Breakers og nytt forvarmingskammer gje monalege utsleppskutt. I tillegg kjem framtidige endringar om å erstatte LPG, innføring av Hydros HAL-Zero teknologi og innfasing av CCS.
Produksjon av miljøvennlege fôringredienser: Fjordalg vil bruke fornybar kraft til produksjon av Astaxanthin, ein viktig ingrediens i fôr til laks. Det er planar om sirkulære prosesser knytt til gjenbruk av kjølevatn, spillvarme og CO2-overskot.
Utvidet produksjon av solcellepanel: Norsun har fått tildelt 600 MNOK frå EU sitt innovasjonsfond for å utvide produksjonen i Årdal med 3 GW.
CCS- og CCU-prosjekter: Det er fleire prosjekt under planlegging for bruk av CO2 som innsatsfaktor i vidare produksjon, og for innføring av CCS i smelteverket.
Utnyttelse av restvarme og produksjon av bioenergi: Det planleggast for utvida utnytting av restvarme, i tillegg til waste to value prosjekt innan bioenergi, der mellom andre Hydro er ein mogleg kjøpar av biogass, for å erstatte noverande bruk av LPG.
Aktørar
Årdal Teknologipark /Årdal Utvikling
Norsk Gjenvinning
Sitep AS
Hydro
FjordAlg
NorSun
Kontakt:
Frank Øvstetun, Sitep AS
918 06 710
frank.ovstetun@sitep.no