Hubbane i Vestland imponerer stort utanfor landegrensene

Årets første hub-samling i Grøn region Vestland fann stad i Bergen i februar. Denne gongen for dei som har rolla som fasilitator i hubbane.

Aslak Sverdrup, regionsdirektør i Innovasjon Norge Vestland, opna samlinga med å snakka om viktigheita av samarbeid for å lykkast. Hubbane samarbeider ikkje berre med dei ulike bedriftene internt i huben sin, men også på tvers med andre hubbar gjennom open dialog om både utfordringar og løysingar.

Noko av hovudfokuset for samlinga var å styrkja fasilitatorrollen og dela erfaringar rundt industriell symbiose. Til denne sesjonen fekk me med oss Murat Mirata frå Linköping University og Emelie Langemyr Eriksen frå NORCE Norwegian Research Centre - begge dyktige forskarar på industriell symbiose.

Murat Mirata har forska på industriell symbiose i 25 år, men er likevel imponert over kva Vestland har fått til.

Dette er første gong eg har sett så mange menneske jobba med industriell symbiose i ulike samanhengar innanfor same region, samtidig som dei kontinuerleg kommuniserer med og lærer av kvarandre under koordinering av den regionale styringa. Dette er ein flott modell me bør vurdera å replikere i andre regionar
— Murat Mirata

Vidare vart det jobba med dei fire barrierane kapital, kompetanse, kraft og nett, og areal. Hubbane fekk løfta kritiske utfordringar dei har knytt til barrierane, og konkretisert skarpe oppdrag me bør løysa for å redusera desse i fellesskap. 

Gjennom ei slik samling får me både kompetanseutvikling og nettverksbygging. Hubbane får møtt kvarandre fysisk og terskelen for å samarbeida og utveksla erfaringar blir senka. Som ein av fasilitatorene påpeika i plenum: "Me må tenkja stort, starta smått og læra undervegs"

Foto: Grøn region Vestland


Forrige
Forrige

Kva skjer under One Ocean Week?

Neste
Neste

Søk stønad til samarbeidsprosjekt